Ole Edvard Antonsen. Han er internasjonalt anerkjend, og brukt som trompetsolist både i Europa, Amerika og Asia. Han er rekna som ein av dei fremste trompetsolistar i verda. Ole Edvard er aktiv innan eit vidt spekter av sjangerar og spelar musikk innan klassisk, kammermusikk, barokk, jazz og meir popretta musikk. Han har gjeve ut mange plater innan ulike sjangerar og deltatt som solist på svært mange utgjevingar med andre artistar. For platen Tour De Force fekk han Spellemannprisen 1992 . Dette albumet vart selt i over 140 000 eksemplar. Ole Edvard har fått ei rad musikkprisar etter dette, og i 2007 vart han utnemd til kommandør av St. Olavs Orden.
Maria Parr ættar frå Hareid og er oppvaksen i Vanylven. Ho har gjort komet-karriære som barnebokforfattar siste åra, og blir av kritikarar karakterisert som den ny Astri Lindgren. På kort tid er ho blitt tildelt ei mengd prisar. For barneboka ”Tonje Glimmerdal”, vart ho tildelt Brageprisen. På Hareidsstemnefesten skal ho både lese og bli intervjua av programleiar Anne Holstad
Inge Eidsvåg er forfattar og lektor ved Nansenskolen på Lillehammer. Han er utdanna cand.philol. ved Universitet i Trondheim med hovedfag i historie. Eidsvåg sine tekstar ligg ofte i grenselandet mellom essay, kåseri og memoarar. Han har gjennom ein mannsalder vore brukt som kåsør m.a. i NRK. For innsatsen sin er han tildelt fleire prisar m.a. "Brobyggerprisen" , ”Forsoningsprisen” og ”Kulturprisen for Gudbrandsdalen”. Inge Eidsvåg var og med i Verdikommisjonen og var nestleiar i styringsgruppa der. Han er ein framifrå kåsør både når det gjeld innhald og framføring. Hareidsstemna har fått oppmoding frå mange om få tak i han til stemna, og er no glade for endeleg å ha lykkast. Folk som har høyrt han, meiner Inge Eidsvåg kunne vere verdt denne kvelden åleine.
PUST representerer toppskiktet av norsk acapella-song og er kanskje den beste vokalgruppa i Norge idag. Kritikarar har overgått kvarandre i å rose desse dyktige songarane. Sitat frå presseomtalar: ”. . vokalsjarm og stemmeleik heilt utanom det vanlege. .” og ”. . . spenstig og godlynt, fascinerande og fengjande. . .”Gruppa føyer seg inn i gullrekka av tidlegare vokalgrupper som har gjesta Hareidsstemna, som t.d. The Real Group og Nordic Tenors.
Audun Garshol og Hamar Musikkorps/Jernbanens Musikkorps Hamar med storkonsert i hallen. Audun har lenge hatt ein draum om å kome tilbake til Hareid ilag med musikkorpset han er leiar for, og som per idag tel heile 70 musikarar. Som styreleiar har han vore drivkrafta dei siste åra. Han gled seg til både å få vise det høge musikalske nivået orkesteret held, og at dei får oppleve kulturen og landskapet som Audun sjølv kjem ifrå. Korpset held høg musikalsk standard, og hadde sist haust ein særs vellykka konsert saman med Silje Nergård og Heine Totland. Audun Garshol er kjendt for si karriære som sprinter på internasjonalt nivå, med OL deltaking i Munchen i 1972 der han representerte Norge. Her oppnådde han 10.2 på 100 m, og sette norsk rekord - ein rekord som vart ståande heilt fram til midten av 90-talet. Han er altså ein Hareids-helt i superklasse. Audun har aliert seg med gjestesolistar frå Hareidlandet til denne konserten. Dette blir kunngjort seinare, så her ligg det an til ein storkonset som kan fylle den store Hareidhallen.
Under finn du litt av programmet i 2009
Rekordopning
Aldri før har det vore så mykje folk på opninga av stemneutstillinga. Folk stod nermast i kø for å sikre seg bilete av stemnekunstnar Håvard Vikhagen. Fylkesmann Lodve Solholm stod føre den offisielle opninga av stemna. Hareidsstemna var det første offisielle oppdraget han takka ja til som Fylkesmann.
Dette blir praktfullt
Det blir Norgespremiere under Hareidsstemna i år. Nightingales består av fire talentfulle og særegne kvinnelege artistar. Dei har med seg eit 6-manns stort orkester av den ypperste norgeseliten. Nightingales held stor konsert i Hareidhallen søndag 18. oktober.
Musikalsk opererer Nightingales i kryssingspunktet mellom folk- pop- og eit symfonisk uttrykk – frå det nære og lavmælte, til det heilt storslåtte lydbiletet. Omtale av konserten finn du her
Billettsalet er igang
Du kan kjøpe billettar til to av konsertane under Hareidsstemna ved å klikke på linken kjøp billettar her. Den eine er med strykekvartetten Strings Unlimited i vernebygget over ishavsskuta "Aarvak", den andre med Nightingales i Hareidhallen.
Bokhandlane i Hareid og Ulstein sel og billettar.
Hos Hareid Hotel kan du bestille/kjøpe billettar med påfølgjande tapas-buffet på Ishavsmuseet etter Strings Unlimited-konserten i Vernebygget.
Fylkesmannen opnar Hareidsstemna laurdag
Lodve Solholm er ny Fylkesmann i Møre og Romsdal. 10. oktober kjem han til Hareid og skal stå føre den offisielle opninga av Hareidsstemna 2009. Opninga skjer i Rådhussalen samstundes med opninga av Håvard Vikhagen si utstilling i Hareid kunstlag.
Programfoldaren til alle husstandar
Torsdag 8. okt. vil alle husstandar i regionen finne programfoldaren for stemna som innlegg i Vikebladet/Vestposten si regionutgåve. Fest han på oppslagstavla di, så finn du fort ut når og kvar dei ulike arrangementa blir haldne.
Stemnekunstverket
Årets stemnebilete er kanskje det mest utradisjonelle av alle. Men med dei syngjande andleta vil kunstnaren Kristine Hareide formidle at Hareidsstemna vidarefører songtradisjonen frå ein generasjon til ein annan
Fylkeskulturprisen til "korsongens vogge"
Hareidstemna, som vart skipa så langt attende som i 1962, vart i dag tildelt Møre og Romsdal fylkeskulturpris for 2008.
Leiar av fylkeskulturutvalet Rigmor Andersen Eide sa under pristildelinga at Hareid blir omtale som "korsongens vogge" i Noreg og at sang og musikk alltid har vore fundamentet for Hareid-stemna, men at dette har utvida seg gradvis sidan starten i 1962. Ho viste til at tilbodet i dag femner alle grupper og mange kulturuttrykk samt at dugnadselementet står sterkt