
Dei siste ti åra har det vore tradisjon at hovudaktørane under Hareidsstemna får med seg eit kunstverk, laga av ein ung, lokal kunstnar. I jubileumsåret får dei Lisa Liavåg sitt verk.
Ho bur i Hjørungavåg og er utdanna innan visuell kommunikasjon, grafisk design og teikning. Dei siste åra har ho hatt fleire utstillingar, både kollektive og separate. Ho har som visjon å gjere kunst meir tilgjengeleg for folk flest.
Ein kan sjå at kunstverket har i seg element av båt, sjøbuder, nasjonalmonument og songkor.