Velkomne til Hareidsstemna
E-post Skriv ut

Inge Eidsvåg

Inge Eidsvåg

Hovedtalar på stemnefesten 23. oktober

Inge Eidsvåg er forfattar og lektor ved Nansenskolen på Lillehammer. Han er utdanna cand.philol. ved Universitet i Trondheim med hovedfag i historie. Eidsvåg sine tekstar ligg ofte i grenselandet mellom essay, kåseri og memoarar.

 

Han har gjennom ein mannsalder vore brukt som kåsør m.a. i NRK. For innsatsen sin er han tildelt fleire prisar m.a. "Brobyggerprisen" , ”Forsoningsprisen” og ”Kulturprisen for Gudbrandsdalen”. Inge Eidsvåg var og med i Verdikommisjonen og var nestleiar i styringsgruppa der. Han er ein framifrå kåsør både når det gjeld innhald og framføring. Hareidsstemna har fått oppmoding frå mange om få tak i han til stemna, og er no glade for endeleg å ha lykkast. Folk som har høyrt han, meiner Inge Eidsvåg kunne vere verdt denne kvelden åleine.

Heile programmet til Hareidsstemna 2010 finn du her.

Billettar kjøper du her.