Ole Edvard Antonsen
Konsert i Hareidhallen 22. oktober
Ole Edvard Antonsen er internasjonalt anerkjend, og brukt som trompetsolist både i Europa, Amerika og Asia. Han er rekna som ein av dei fremste trompetsolistar i verda.
Ole Edvard er aktiv innan eit vidt spekter av sjangerar og spelar musikk innan klassisk, kammermusikk, barokk, jazz og meir popretta musikk.
Han har gjeve ut mange plater innan ulike sjangerar og deltatt som solist på svært mange utgjevingar med andre artistar. For platen Tour De Force fekk han Spellemannprisen 1992 . Dette albumet vart selt i over 140 000 eksemplar. Ole Edvard har fått ei rad musikkprisar etter dette, og i 2007 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.
Heile programmet til Hareidsstemna 2010 finn du her.
| < Førre | Neste > |
|---|



