Silje skal opne Hareidsstemna
Offisiell opning - Rådhussalen 16. oktober kl 17.00
Silje Brandal Coughlan går i 7. klasse. Då vi spurde om ho ville stå føre den offisielle opninga av Hareidsstemna i år, sa ho "OK" med ein gong!
Dette synes vi var friskt gjort av ein 12-åring, særlig med tanke på at det var Fylkesmannen som gjorde dette i fjor.
PUST er temaet vårt i 2010, og Silje blir årets friske pust inn i Hareidsstemna. Ho har forresten gjort liknande ting før, til dømes då ho tidligare i år heldt 17. mai-appellen i Brandal
Heile programmet til Hareidsstemna 2010 finn du her.
| < Førre | Neste > |
|---|



