Hareidsstemna er over for denne gong. Det var Vyrde og Vox Virorum som fekk æra av å avslutte årets utgåve av Hareids viktigaste kulturarrangement.
I 10 dagar har stemnegeneralane Arild Grimstad og Kari Janne Ringstad presentert kultur for eit interessert og nysgjerrig publikum.
- Eg er takksam for alle grupper og enkeltpersonar som har gjort stemna til ein kulturfest som vi neppe har hatt maken til på Hareid tidlegare. For meg var Stemnefesten - med 800 menneske og den flotte ramma - sjølve høgdepunktet, seier Grimstad, og legg til:
- I år glei arrangementet veldig godt heile vegen. Regien, det sceniske klaffa. Stemninga var god på begge sider av sceneteppet.
Mammutarrangement
Den fire timar lange stemnefesten laurdag baud på eit tverrsnitt av ein mangfaldig lokalkultur, som viste tydeleg at det spirer og gror av unge talent i dei ulike bygdene.
Sprudlande assistert av det samansette koret frå kulturskulen og fjerde- og femteklassingane ved Hareid barneskule, song Silje Brandal Coughlan ”No går eg for kunsten”. Den same jenta heldt årets opningstale for Hareidsstemna, der ho treffsikkert poengterte: - Kultur ikkje er medfødt. Det må lærast!
Formidlingskunst
Nokre lykkast nok betre i å vise veg enn andre. Og det er forskjellige måtar å formidle ein bodskap på. Både barn og vaksne sat fjetra og trollbundne då barnebokforfattar Maria Parr las frå hennar eiga bok ”Tonje Glimmerdal”. Parr sin motivasjon for å skrive for barn og ungdom korresponderer godt med det brandalsjenta Silje understreka i opningstalen sin.
- Vi har våre sterkaste lesaropplevingar når vi er unge, sa Maria Parr, og la til at ho sjølv laga historier og forteljingar lenge før ho kunne skrive.
Identitetsbyggjar
- Hareidsstemna er ”oss”; ikkje ”me” eller ”vi”, insisterte konferansiér Anne Holstad. Ho gav uttrykk for at identiteten og lokalkulturen står sterkt i Hareid kommune, og sa på humoristisk vis at det var den rause hareidingen som gjorde at ein mann som Fredrik Steen, fløbuar og ulsteining, hadde fått plass i programmet.
Suksesskomikaren parerte kjapt med at det ikkje er så veldig store forskjelar på folk i dei ulike kommunane på ytre søre. Det er mødrene som tar ansvar i heimane.
- Rollemønsteret ”dominerande mor; unnvikande far” er jo kjent. Mor mi, til dømes, har framleis merke etter H-vindauge på magen, opplyste Steen. Dei frammøtte responderte med latterhyl.
Sjå fleire bileter frå Hareidsstemna 2010 her
Tekst og foto: Gunnar Wiik
| < Førre | Neste > |
|---|



