Kva arrangement har du vore med på?
Kva vil du seie om Hareidsstemna?
Asgerd Øvrebotten (84) Ørsta
- Eg prøver å kome meg på Hareidsstemna kvart år. Spesielt Stemnefesten er eit fantastisk arrangement med mykje god song og underhaldning. Eg synest det er spesielt kjekt å sjå lokale talent.
Markus Bjørlykke (16) Hareid
- Eg deltok på ungdomskvelden og under Stemnefesten. Det er kjekt å vere med og delta. Også veldig flott at ungdommen får eit slikt tilbod under Hareidsstemna.
Eldar Hareide (60) Hareid
- Eg var på konserten med vokalgruppa Pust. På grunn av oppussing av kjøkkenet heime har det blitt altfor få arrangement i år. Men eg synest det er veldig flott at eit 10-dagars arrangement klarer å halde så høg kvalitet frå start til mål.
Berit Ulfset (53) Hjørungavåg
- Eg var på konserten med Bigset blandakor på ”tjuvstarten” førre fredag. Eg fekk også med meg balljegòva, kunstutstillinga og stemnefesten. Hareidsstemna byr på variert og god underhaldning, som eg går på kvart år.
Ingvil Liaset Røren (13) Hareid
- Eg var med på kulturskulekonserten ”Sitte på trapp” onsdag, og syntest det var kjempekjekt. Eg er med og syng i Hareid Ten Sing. Det er fint at programmet er variert og at ungdommen får vere med.
Sjå fleire bileter frå Hareidsstemna 2010 her
Tekst og foto: Gunnar Wiik
| < Førre | Neste > |
|---|



