Inge Eidsvåg
Hovudtalar for Stemnefesten, Inge Eidsvåg, er talsmann for engasjement, skaparglede, solidaritet og samhald. Eidsvåg snakka litt om tiltaka som kommunen hans, Næroset, har sett i verk. I Næroset kommune sleit innbyggjarane med å motivere seg for å bidra til fellesskapet. Men dei klarte å snu det.
- I staden for å vere ein tafatt kommune ønskte vi å bli ein ”ta fatt”-kommune, poengterte Inge Eidsvåg.
Utgangspunktet for dette var den gode, gamle fellesskapstanken om at vi alle treng kvarandre.
- Den amerikanske idéen ”The Selfmade Man” er ein illusjon. Individualisme må ikkje forvekslast med egoisme. Det siste treng vi ikkje. Derimot gjeld det å finne den rette kombinasjonen av fellesskap og individualisme. Ein må legge til rette for at kreative sjeler får utfalde seg med si skaparkraft. Då skaper vi kultur. Saman.
Kreativiteten i Næroset er i alle fall stor når dei skal samle inn pengar til felleskassa for kulturelle formål. Gråstein er til dømes noko folk kan betale for.
- Prinsippet er: Ta ein gråstein, betal for to, smilte Inge Eidsvåg.
Sjå fleire bileter frå Hareidsstemna 2010 her
Tekst og foto: Gunnar Wiik
| < Førre | Neste > |
|---|



