Velkomne til Hareidsstemna

Litt om Hareisstemna si historie

E-post Skriv ut

Hareidsstemna

HareidHareid

Hareidsstemna er ei årleg mønstring av lokale kulturaktivitetar som strekkjer seg over 8 - 10 dagar i oktober. Barn, unge, vaksne og eldre framfører eit stemneprogram som spenner frå revy og idrettsarrangement, til kunstustilling og kyrkjekonsertar. Stemnefesten på laurdagskvelden er likevel høgdepunktet under Hareidsstemna. Her "toppar" programmet seg og 800 - 1000 menneske møter gjerne fram denne kvelden. Talarrekka på desse festane er imponerande, og vi kan nemne profilerte personar som Arthur Berg, Per Borten, Hatvig Kiran, Elias Berge, Kurt Oddekalv, Kjell Magne Bondevik, Rosemarie Køhn, Simon Flem Devold, Kåre Willoch, Jan Åge Fjørtoft, Gunnar Myklebust, Karita Bekkemellem og no i 2010, Inge Eidsvåg. Stemna har kvart år innslag av profesjonelle kunstnarar som t.d. Arve Tellefsen i 2005, vokalgruppa The Real Group i 2006, Nordic Tenors i 2007, Secret Garden og Det Norske Solistkor i 2008, Strings Unlimeted og Nightingales i 2009, og Ole Edvard Antonsen og vokalgruppa PUST i 2010.

Johan H GrimstadJohan H GrimstadJohan H Grimstad blir rekna som initiativtakaren til Hareidsstemna for snart 50 år sidan. Han var og drivkrafta for stemna i ein heil mannsalder. På 60-talet gjorde media, særleg fjernsynet, sitt inntog i bygdenorge. Skiparane av Hareidsstemna var nok den gongen engstelege for konsekvensar dette ville få for oppslutninga om det lokale kulturlivet. 100-årsfeiringa av bygda sin korsong i 1962, vart såleis startskotet for Hareidsstemna, og det årlege storarrangementet som skulle mobilisere kulturlivet i bygda.

Sidan den gongen har medieutviklinga vore enorm - på godt og vond sjølvsagt. Og kanskje gjekk ikkje dei verste spådomane om bygdekulturen sin tilbakegang i oppfylling, likevel. I Hareid kommune har vi i alle fall eit rikt kulturliv med m.a. 7 - 8 aktive songkor. Stemna er idag eitt av dei store kulturarrangementa i fylket, og kjendt langt utover Hareid og Møre og Romsdal sine grenser. Hareidsstemna vart i 2008 heidra med fylkeskulturprisen for Møre og Romsdal.

Det starta altså med eit 100-års jubileumet i 1962. Det var læraren, songaren og multikunstnaren Rasofiel Rise som i 1862 innførte den fleirstemmige songen i Hareid. Dei søndagane det ikkje var gudsteneste, samla han ungdomar i bygda rundt seg og øvde inn fleirstemminge salmar. Desse vart framførte firstemmig i Hareidskyrkja ved neste gudsteneste. Dette var nytt og radikalt den gongen. I nabobygda, Vartdal, vart det med missnøye snakka om hareidsdølane som hadde begynt å synge "grovt" i gudstenesta, basstemmene høyrde ikkje kyrkja til, meinte dei. På grunn av denne tonekunstnaren, og songtradisjonane som har vore levande sidan, har Hareid gjerne vore kalla «Korsongens vugge i Noreg». Lokalhistoriske skrifter tyder faktisk på at den fleirstemmige korsongen kom i gang tidlegare enn det ein hadde 100-års jubileum for i 1962 - truleg ein gong på 1840-talet.

 
 
DU ER HER Hareidsstemna Historikk
 
 

litt HISTORIKK

jhg2

Johan H Grimstad (biletet) blir rekna som initiativtakaren til Hareidsstemna for snart 50 år sidan. Han var og drivkrafta for stemna i …

[+] Les meir …

frå ARRANGEMENTA

Her viser vi ein del bildeglimt frå ymse arrangement under årets Hareidsstemna. Klikk på eit bilete for å ...