Velkomne til Hareidsstemna

Vedtekter for Hareidsstemna

E-post Skriv ut

Med endringar vedtekne på generalforsamlinga 23.02.2010

VEDTEKTER FOR ORGANISERING OG LEIING

Målsetjinga for Hareidsstemna er å føre vidare tradisjonane ein har ved årleg å gjennomføre ei stemneveke.  Tiltaket skal vise eit tverrsnitt av kulturlivet, først og fremst slik det utfaldar seg i bygdene våre, men også ved å hente inn krefter utanfrå. Gjennom dette vonar ein samstundes å gje inspirasjon og kveik til ny innsats i det mangfald av aktivitetar som finst i kommunen vår.

Om ikkje særlege grunnar talar mot, vert Hareidsstemna gjennomført andre veka i oktober.

Alle ideelle lag og organisasjonar i kommunen, som finn det ynskjeleg, kan ha 1 representant i ei generalforsamling.

Generalforsamlinga skal ha møte ein gong i året, før utgangen av februar, og ta opp fylgjande saker:

  1. Godkjenne framlagd rekneskap.
  2. Drøfte framlagd evaluering av sist gjennomførde Hareidsstemne.
  3. Velje representantar og vararepresentantar til styret.
  4. Velje valnemnd på tre representantar.
  5. Velje revisor for eitt år om gongen.
  6. Drøfte eventuelle nye idear for tiltak i stemneveka.
  7. Godkjenning av budsjett.

Lag og organisasjonar kan kome med ynskje om å ha arrangement eller innslag under stemnedagane.  Desse må i så fall vurderast og samordnast av stemneleiinga.

INSTRUKS FOR STYRET

  1. Styret for Hareidsstemna skal vere samansett av fire representantar valde av generalforsamlinga for to år i gongen og med høve til attval,  og to vararepresentantar valde kvart år.  Ved eventuell stemmelikheit i styret har  leiaren dobbeltstemme.
  2. Styret konstituerer seg sjølv, og vel styreleiar samt kasserar for eitt år om gongen.  Kasserar kan veljast utanom styret.
  3. Stemneleiinga har møte- og talerett i styret.
  4. Stemneleiinga er sekretær for styret og fører møtebok.
  5. Styret har ansvar for at det vert ført forsvarleg rekneskap og revisjon.
  6. Styret skal syte for at der til ei kvar tid er nokon som har det daglege leiaransvaret for Hareidsstemna, og fastsetje honorar for arbeidet som stemneleiinga utfører. Styret delegerer ansvaret for å arrangere Hareidsstemna kvart år til stemneleiinga.
  7. Styret skal godkjenne planar for komande Hareidsstemne og leggje budsjettforslaget fram for generalforsamlinga.
  8. Styret kan overfor stemneleiinga kome med idear til tema og gjennomføring av stemna.
  9. Styremøte skal haldast etter at stemna er gjennomførd, innan utgangen av november månad.  Like eins i god tid før generalforsamlinga i februar.  Elles kan ein styremedlem eller stemneleiinga be om at det vert halde styremøte.

INSTRUKS FOR STEMNELEIINGA

(Oppgåva kan delast på to personar)

  1. Stemneleiinga skal ha ansvar for planlegging, organisering og gjennomføring av Hareidsstemna.
  2. Stemneleiinga skal setje opp budsjett for stemna og leggje dette fram for styret.
  3. Stemneleiinga er sekretær og fører møtebok for styremøta.
  4. Stemneleiinga syter for at det vert utarbeidd evaluering som vert presentert på møte i generalforsamlinga i februar.