Velkomne til Hareidsstemna

Sissel Kyrkjebø-konsert under Hareidsstemna

E-post Skriv ut

Sissel KyrkjebøSissel Kyrkjebø

Sissel Kyrkjebø-konsert fredag 21. oktober

- Ingen artist kan betre markere 50-årsjubileet for eit kulturarrangement som har vore tufta på songen.

Billettsalet startar 8. august. Det blir nummererte plassar i Hareidshallen denne kvelden. Folk kan kjøpe billettar her på heimesida til Hareidsstemna, hjå Eiken Libris i Ulsteinvik og ved Servicekontoret på Hareid rådhus.

Sissel Kyrkjebø kjem med ein stab på 11 personar, og stemnegeneralane Kari Janne Nevstad Ringstad og Arild Grimstad gler seg stort. Kyrkjebø skal ikkje halde konsert andre plassar på Nordvestlandet i 2011, det er ein del av avtalen som er inngått.

Gøteborgposten har titulert henne som dronninga innan norsk musikkliv, og leiinga for Hareidsstemna er i full gang med å sikre seg sponsorar. For ein konsert med Sissel Kyrkjebø kostar pengar.

Sissel Kyrkjebø-konsert under Hareidsstemna!Sissel Kyrkjebø-konsert under Hareidsstemna!– Sissel har ei heilt unik stemme og meistrar nesten alle sjangrar. Ho har appell til publikum i alle aldrar, både i Norge og internasjonalt. Vi er kjempestolte over å få henne til stemna i år. Publikum kjem til å få ei ekstatisk oppleving i Hareidshallen, meiner stemneleiarane.

JUBILEUMSKONSERT MED TINGINGSVERK

Det er ni månader igjen til Hareidsstemna startar, og alt programmet er ikkje klart enno. Men det skal blant anna bli ein jubileumskonsert med eit tingingsverk av Odd Arve Hjørungdal, som også skal dirigere orkesteret.

 

Les også meir her

 
 
DU ER HER Section Blog Arrangementa 2011 Sissel Kyrkjebø-konsert under Hareidsstemna
 
 

litt HISTORIKK

jhg2

Johan H Grimstad (biletet) blir rekna som initiativtakaren til Hareidsstemna for snart 50 år sidan. Han var og drivkrafta for stemna i …

[+] Les meir …