Melodi Hareid
Nyskaping på Hareidsstemna i år
Gruppa bak denne ungdomskonserten i Hareidhallen, har med seg heile åtte artistar og band frå søre Sunnmøre.
Desse skal få opp trøkket og stemninga i Hareidhallen. Det vil bli musikk innan fleire sjangrar. På scena vil du mellom anna finne ”Zvor & kontrollert kaos” frå Hareid, ”Christoffer Masters” frå Ulsteinvik, ”Bettina Marielle Madsen” frå Herøy og ”Exposed to failure” frå Sande.
Ungdom frå 8.klasse og oppover er velkomne. Vi vil gjerne sjå ungdomar frå nabokommunene våre, og trur at dei ulike artistane vil dra med seg fans frå heimplassen sin. Gjer deg klar for tiårets ungdomsfest på Ytre Søre Sunnmøre!
Så mange lokale ungdomsband samla på ein plass, har du aldri sett på Hareid.
Billettar ved inngang.



