Velkomne til Hareidsstemna

Stemnefesten

E-post Skriv ut

stemnefestenstemnefesten

Stemnefesten 2011

 

 

 

 


Stemnefesten i jubileumsveka, byr på mange godbitar. Her er nokre av dei:

Gunnar StålsettGunnar Stålsett

Gunnar Stålsett vert årets stemnetalar

Hareidsstemna har fått ein av Norges mest profilerte personar som talar på jubileumsfesten i 22. oktober i år.

Stålsett er kjend som tidlegare stortingspolitikar og leiar i Senterpartiet, og seinare som biskop i Oslo bispedømme frå 1998 til 2005. Han har og vore nestleiar i Den Norske Nobelkomiteen, gitt ut fleire bøker og motteke ei lang rekke prisar som t.d. Petter Dass-prisen. Frittalande biskop.  Som biskop var han frittalande og skapte utfordringar for samhaldet i den norske kyrkja, likevel vart han ein svært folkekjær biskop.

Strings UnlimitedStrings Unlimited

Strings Unlimited

Denne profesjonelle strykekvartetten har gjesta Hareid før. Gruppa har deltatt ved utallige store og små arrangement i inn og utland. I år blir dei med i festprogrammet laurdag, og blir nærast å rekne som eit husorkester denne kvelden. Det er ikkje grenser for kva desse jentene kan spele, frå vakre klassiske perler til kjende pop- og rockelåtar. Det er berre å la seg rive med av virtuositeten deira.

Ytre SuløenYtre Suløen

På stemnefesten dukkar også Ytre Suløens Jazzensemble opp i år.

Glajazz-orkesteret frå Langevåg har turnert på kryss og tvers i Norge og elles på alle kontinent, bortsett frå Australia. For nokre år sidan kom Suløen i kontakt med jazzsongaren Tricia ”Sista Teedy” Bouttè på eitt av dei mange oppdrag bandet har hatt i New Orleans. Det enda med at Boutté flytta til Norge. Ho bur no i Langevåg, og er fast medlem i bandet.

Suløen skaper alltid gladstemning rundt seg, og kjem til å sette preg på festen i år

ArillRiise-292ArillRiise-292

Arill Riise - humorist

Arill er oppvaksen på Sæbø, og er kjend og kjær journalist og programleiar, for tida som nyheitsanker i TV2–nyheitene. Han er og humorist, og har skrive fleire bøker med morosame skildringar av sunnmøringen.

Arill er kjend for sin lune og treffande humor. På jubileumsfesten vil han syte for lått og løye om såvel ulsteinvikarar og Herøy-millionærar, som grimstingar og brandølingar. Ta med lommetørkle for sikkerheits skuld!

Arnfinn HaramArnfinn Haram

Arnfinn Haram

budde delvis på Hareid i ungdomen. Han hadde mange vener i ungdomsmiljøet her, og song både i Hareid ungdomskor (no Hareid kammerkor) og i Vox Virorum.

Arnfinn er dominikanarbror og samfunnsdebattant. Han var tidlegere prest i Den norske kyrkja, men konverterte til katolisismen i 1998. Han vart vigd som katolsk prest i 2003. Arnfinn er ein uvanleg allsidig og gåverik person. Han er skribent, songar, foredragshaldar og ikkje minst framifrå diktlesar. Og det er nettopp lyrikk han skal bidra med på stemnefesten.

Anne HolstadAnne Holstad

Programleiaren

Anne Holstad er ansiktet utad for festprogrammet på laurdagskvelden. Dei siste tre åra har ho losa dette i hamn på ein meisterleg måte. I år er ho på plass igjen, og publikum kan berre lene seg tilbake og slappe av, for festprogrammet er i dei aller beste hender.

 
 
DU ER HER Section Blog Arrangementa 2011 Stemnefesten
 
 

litt HISTORIKK

jhg2

Johan H Grimstad (biletet) blir rekna som initiativtakaren til Hareidsstemna for snart 50 år sidan. Han var og drivkrafta for stemna i …

[+] Les meir …