Billettsalet startar 8. august
- Gled dokke! Endeleg blir det ein heil konsert med Sissel på Sunnmøre. Med hennar mangfoldige repertoar, blir dette ein konsert med apell til eit stort publikum i alle aldrar.
Billettane til Sissel-konserten under Hareidsstemna blir lagt ut for sal frå måndag 8. august. Det blir nummererte billettar i Hareidhallen denne kvelden, og det har alt vore stor etterspurnad etter billettar. Det blir oppmoda om å vere tidleg ute for å sikre seg ein god plass i salen.
Sissel er Noregs songstjerne nr 1. Ingen artist har nokon gong selt fleire plater enn Sissel i Noreg. Sidan starten i 1986, har ho selt godt over ein million album av klassikarar som ”Sissel”, ”Glade jul”, ”Innerst i sjelen” og no sist ”Velkommen hjem”.
Sissel Kyrkjebø er eit nasjonalt ikon, og kan alt sjå tilbake på ei utruleg karriere. Ho har sunge saman med den verdskjende tenoren Plácido Domingo. I 1994 song Kyrkjebø under både åpnings- og avslutningsseremonien for vinter-OL på Lillehammer.
Sissel var og med på innspelinga av musikken til filmen «Titanic». Filmmusikken vart seld i 24 millionar eksemplar. Ho har og spela inn ein låt saman med rapparen Warren G, som vart ein stor internasjonal suksess.
Sissel er Ridder av 1. klasse i St. Olavs orden.



