Hareidsstemna
  • Program
  • Intimkonsert: Maria Petra og Oscar A + Sofie Gjerde Tonev
 

Intimkonsert: Maria Petra og Oscar A + Sofie Gjerde Tonev

2021
Maria_Petra_-_bilde
Dato: 16. oktober 2021 18:00

Møtested: Hareid folkebibliotek

Vi er glade og stolte over at vi har fått sjølvaste Maria Petra til å ha konsert på biblioteket! Med mor frå Hareid og røter i Brandal og Volda, er det ekstra stas at ho er med på å kaste glans over Hareidsstemna i år. Dette blir ein roleg konsert der ho vil synge med akkompagnement frå piano. Maria Petra har ei formidlingsevne som treff rett i hjartet. Då ho framførte sin eigen låt «lonely» på The Voice-audition, kom den rett inn på VG-lista. Den har no bikka 6,6 millionar avspelingar på Spotify. Med på konserten blir også Sofie Gjerde Tonev som vil synge med akkompagnement av gitar. Sofie er godt kjent for publikum på Hareidsstemna. Også ho vil gi publikum god stemning og varme hjarte. Vi gler oss!

Der er ikkje kjempegod plass, so det er "fyrste mann" til mølla som gjeld.

Kjøp billett til konserten klokka 18.00 her

 

 

Datoer


  • 16. oktober 2021 18:00